Kjøttkontroll

Mattilsynet er til stades når dyr blir slakta på eit slakteri. Alle slakt blir kontrollerte, og Mattilsynet fører tilsyn med at verksemda følgjer reglane for hygiene og dyrevelferd.

Flådde kyllinger henger på rekke i et slakteri

Kontroll på slakteri

  • Verksemdene skal produsere trygge kjøttvarer.
  • Mattilsynet kontrollerer alle slakt.
  • Mattilsynet fører tilsyn med hygiene og dyrevelferd.

Det hender at folk blir sjuke av maten. Éi årsak kan vere at bakteriar, virus eller parasittar frå dyr smittar til menneske via mat. Kontroll av kjøtt er viktig for å sikre trygg mat, og i over hundre år har det vore ei offentleg oppgåve. Ifølgje matlova vi har i dag, pliktar slakteri og andre kjøttverksemder å produsere trygg mat.

Sjølv om verksemdene gjer ein stor innsats og er flinke når det gjeld førebyggjande arbeid og eigenkontroll, er det eit krav at det skal vere offentlege kontrollørar (veterinærar og kontrollteknikarar) på alle slakteri. Kravet gjeld for slakting av alle typar husdyr, både firbeinte og fjørfe.

Mange farlege sjukdommar er i dag utrydda. Kjøttkontrollen kan difor seiast å vere ei suksesshistorie. Norsk kjøtt blir sett på som trygt. Men vi møter stadig nye utfordringar. Til dømes ser vi tilfelle av sjukdom hos menneske som kjem av at tarmbakteriar frå dyr smittar over til kjøttet under slaktinga. Ei anna utfordring er at tilsynelatande friske dyr kan vere berarar av slike bakteriar. I tillegg kan kjøtt vere forureina av medisinrestar, tungmetall, kjemiske stoff og radioaktivitet.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00