Bioforsk
Bioforsk er eit forskingsinstitutt med spisskompetanse på høgt internasjonalt nivå innafor landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvalting.
Instituttet har sju forskingssenter med omlag 450 tilsette, og avdelingar frå Agder i sør til Finnmark i nord. Dette gjev nærleik til den norske marknaden og til regionale utfordringar. Sentera har hovudansvar for kvart sitt fagområde.
Målet er å være ein regional-, nasjonalt og internasjonalt konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid innanfor planteproduksjon, skjøtsel, matkvalitet, mattryggleik og miljøspørsmål.
Bioforsk skal medverke til meir innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næringslivet, forbrukarane og samfunnet.
Bioforsk er organisert under Landbruks- og matdepartementet (LMD) som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter, og LMD har oppnemnt eit eige styre for Bioforsk.