Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet skal vere ein pådrivar for å betre helsa og livskvaliteten til  befolkninga og førebyggje sjukdom og helseskade.

Folkehelseinstituttet

Besøksadresse:

Lovisenberggata 6, 0456 Oslo

Telefon:

21077000

Postadresse:

Postboks 4404 Nydalen, 0403 OSLO

E-post:

folkehelseinstituttet@fhi.no

Heimeside:

www.fhi.no

Folkehelseinstituttet skal vere ein nasjonal kompetanseinstitusjon for myndigheiter, helseteneste, rettsapparat, påtalemyndigheit, politikarar, media og publikum i spørsmål knytte til rettsmedisin, fysisk og psykisk helse, vern mot smittsame sjukdomar og førebygging av skadelege påverknader frå miljøet.

FHI ligg direkte under Helse- og omsorgsdepartementet, sideordna Helsedirektoratet, Helsetilsynet og Legemiddelverket. Instituttet består av fem fagdivisjonar: Smittevern, miljømedisin, epidemiologi, psykisk helse samt rettsmedisin og rusmiddelforsking. I tillegg kjem Divisjon for samfunnskontakt og instituttressursar.