Helsedirektoratet

Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som ligg under og blir etatsstyrt av Helse- og omsorgsdepartementet. Helsedirektoratet har også oppgåver frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Helsedirektoratet

Besøksadresse:

Universitetsgata 2, Oslo

Telefon:

24 16 30 00

Postadresse:

Postboks 7000 St. Olavs plass, 0310 Oslo

E-post:

postmottak(a)helsedir.no

Heimeside:

www.helsedirektoratet.no

Direktoratet ivaretar fleire roller. Det er båe fagorgan, regelverksforvaltar og iverksetjar på helse- og omsorgspolitiske område.

Folkehelsearbeidet er den samla innsatsen for å påverke det som fremjar og held ved like befolkninga si helse, og det er mellom anna sunnare levevaner i befolkninga. Helsedirektoratet arbeider difor for å fremje eit sunt kosthald og meir fysisk aktivitet. Målet er fleire leveår med god helse i befolkninga som heilskap, og reduserte helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper, kvinner og menn.