Direktoratet for strålevern og atomtryggleik

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) utfører oppgåver på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet, Utenriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik

Adresse:

Grini næringspark 13, Østerås, Bærum

Telefon:

67 16 25 00   

Postadresse:

Postboks 55, 1332 Østerås

E-post :

nrpa(a)nrpa.no

Heimeside:

www.dsa.no

I tillegg til vårt nasjonale mandat for tryggleik, sikkerheit og sikring, har vi internasjonale oppgåver for å fremme strålevern, atomsikkerheit, kjernefysisk tryggleik, nedrustning og ikkje-spreiing.

DSA er myndighet og kompetanseorgan for atomsikkerheit, all bruk av stråling, for naturleg stråling og for radioaktiv forurensing i miljøet.

DSA leier og er sekretariat for den nasjonale atomberedskapen og er varslingspunkt for atomhendingar nasjonalt og internasjonalt.

DSA er nasjonalt referanselaboratorium for måleeining innan stråling og radioaktivitet. Deltar i Senter for radioaktivitet, mennesker og miljø (CERAD), som er et Senter for fremragende forskning

Ansvarsområde:

  • ansvar for forvaltning og tilsyn av all bruk av strålekjelde i medisin, industri og forsking, og med dei to forskingsreaktorane i Noreg.
  • overvakar naturleg og kunstig stråling i miljø og yrkesliv.
  • skal auke kunnskapen om førekomst, risiko og effekt av stråling. Dette gjeld mellom anna innan radioøkologi og medisinske effektar av stråling.
  • sekretariat og operasjonslokale for den nasjonale atomberedskapen.
  • standardlaboratorium for måling av stråledose og radioaktivitet.