Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt med fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd, mattryggleik og fôrtryggleik som kjerneområde. Veterinærinstituttet skal ha ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.
Veterinærinstituttet er styresmaktene sin viktigaste kunnskapsleverandør ved førebygging, rådgjeving, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hjå fisk og landdyr og zoonosar.
Veterinærinstituttet deltek også i førebygging og handtering av kriser årsaka av helseskadelege sambindingar og smittestoff i fôr og mat.
Veterinærinstituttet yter dessutan tenester og overfører kunnskap til næring, fagpersonell og dyreeigarar.
Visjon
Sunne dyr, frisk fisk og trygg mat.
Hovudmål
Veterinærinstituttet skal gjennom forsking, diagnostikk og rådgjeving, medverka til god beredskap, helse og velferd hjå fisk og dyr, fôr- og mattryggleik, og ein etisk forsvarleg bioproduksjon og berekraftig utvikling.