Vitskapskomiteen for mattryggleik - VKM
Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) gjer uavhengige, vitskapelege risikovurderingar for Mattilsynet av spørsmål knytt til mattryggleik, dyrehelse, dyrevelferd, plantehelse og kosmetikk.
VKM gjer òg risikovurderingar av genmodifiserte organismar (GMO) på oppdrag for Direktoratet for naturforvalting (DN) og på eige initiativ.
Risikovurderingane er det faglege grunnlaget for Mattilsynet når dei skal vurdere å iverksetje tiltak eller endre regelverk, og inngår som basis for råda frå Mattilsynet og DN til departementa.
Ei risikovurdering i VKM er ein gjennomgang, samanstilling og vurdering av tilgjengelige vitskapelege funn og data. VKM driv ikkje sjølv forsking. Risikovurderingane blir gjort etter gjeldande internasjonale prinsipp.
VKM er organisert under Helse- og omsorgsdepartementet, som ein fagleg uavhengig komité. 90 vitskapelege ekspertar er oppnemnde av departementet til å sitje i VKM. Eit sekretariat på 17 personar støttar komiteen fagleg og praktisk.
Sekretariatet til VKM er offisielt kontaktpunkt i Noreg for EFSA, mattryggleiksorganet til EU. EFSA gjer uavhengige, vitskapelege risikovurderingar, og gir råd om forhold knytt til trygg mat i EU-kommisjonen, EU-parlamentet og medlemslanda.