Spedkost - mindre søtt til småen

Resultat frå den landsomfattande undersøkinga «Spedkost 6 månader» syner at spedborna i hovudsak har eit kosthald i tråd med anbefalingane for spedbornsernæring.

Kosthaldet til norske spedborn har endra seg til det meir positive på fleire områder sidan førre tilsvarande undersøking i 1998. Den nye undersøkinga «Spedkost 6 månader» inneheld data som vart samla inn i 2006.

Meir grønt og mindre saft

Kartlegginga som no er gjort av kosthaldet til 6 månader gamle born kan vise til ei rekke positive tal:

  • 80 prosent av borna no får frukt-/bærmos, mot 54 prosent i 1998.
  • 44 prosent av spedborna får potet-/grønnsakmos, mot 38 prosent for ti år sidan.
  • Det er også ein høgare andel som får fisk no enn i 1998 (8 prosent no, mot 3 prosent i1998).
  • Medan 5 prosent av av barna fekk saft med sukker for ti år sidan, har dett talet sunke til berre 1 prosent i dag.

Spedborn får i seg mindre sukker

I tillegg til «Spedkost 6 månader», er det og utført ei undersøking blant 12 månader gamle born og blant 2 år gamle born.

Helsedirektoratet meiner det er spesielt gledeleg er det å sjå at sukkerinntaket ser ut til å vere betydeleg redusert. Det å etablere gode matvanar tidlig i livet er viktig for framtidig helse. Meir frukt, grønt og fisk og mindre sukkerrike varer allereie frå spedbornsalder er i tråd med anbefalingane.

Introduksjon av mat

Det er ingen bestemt regel for kva mat du skal gje bornet ditt den aller første tida. Men det er viktig med gradvis introduksjon av fast føde, og i starten er det nok med eit par teskeier.

I det andre levehalvåret er det særleg viktig at kosten inneheld nok jern. Difor vert det tilrådd bruk av graut tilsett jern, grovt brød, magert kjøt, fisk og jernrikt pålegg. I løpet av det andre levehalvåret vil barnet sitt kosthald gradvis bli meir likt kosthaldet til familien.

Mange foreldre gir borna sine graut i byrjinga. Norske spedborn får i seg omlag 1,7 grautmåltid per dag i gjennomsnitt.

Redusert eller fjerna

Innhaldet av tilsett sukker i barnegrautane og i fruktpureane har variert i løpet av perioden 2002 til 2006.

Ein generell tendens i slutten av perioda er at innhaldet av tilsett sukker har vorte redusert eller fjerna. Sjølv om innhaldet av tilsett sukker i fleire av grautprodukta er redusert eller fjerna, er mange av grautane framleis søte. Det skuldast mellom anna at dei inneheld tørka frukt og grønsaker som tilfører søt smak.

God informasjon til spedbornsforeldre

Undersøkinga «Spedkost 6 månader» syner at åtte av ti foreldre som vart spurt hadde fått svært nyttig informasjon om amming og spedbarnsernæring frå helsestasjonen og frå føde-/barselavdelinga.

Heftet «Mat for spedbarn», som alle foreldre får tildelt på helsestasjonen, er svært godt motteke.

Dei fleste foreldre er opptekne av at borna deira skal ha eit sunt og godt kosthald. Mange ynskjer difor informasjon om sped- og småbornsernæring.

Gjennom heftet «Mat for spedbarn», som alle foreldre får utdelt på helsestasjonen, får ein gode praktiske råd. Heftet inneheld gode råd og tips og lettvinte oppskrifter på ulike typar barnemat.

Ansvarlig: Helsedirektoratet Kontakt: 810 200 50
Kapsler med kosttilskudd ligger i en haug.