Til deg som vil vege meir:

Undervekt

Det kan vere like vanskeleg å leggje på seg nokre kilo som å slanke dei bort. Ynskjer du å auke vekta di, er det viktig å ta tida til hjelp. Det er ynskjeleg at vektauka kjem i form av auka muskelmasse og ikkje berre i form av feitt. Ein sunn og sikker måte å gå opp i vekt på, er å ete regelmessige måltider, velje sunne og næringsrike matvarer og trene regelmessig.

Ei jente står på en badevekt.

Foto: iStockphoto

Slik rekner du ut din KMI (kroppsmasseindeks)

Forholdet mellom vekt og høyde, KMI (kroppsmasseindeks), er et mål for å vurdere vekt i forhold til kroppsstørrelse.

Formelen for KMI

vekt (kg) / høyde (m) x høyde (m). Din KMI er vekta i kilo dividert på høgda i meter i annen potens.

Eksempel:

En kvinne veg 65 kilo og er 1,67 meter høg.

Reknestykket blir slik: 65 kg / (1,67 m x 1,67 m) = 23,3 kg/m

Ifølge Verdas helseorganisasjons (WHO) bør KMI ligge på mellom 18,5 og 25. Denne kvinna ligg innanfor det vi kan kalle normalvekt. Ein vektindeks mellom 25 og 30 er definert som overvekt, mens ein vektindeks over 30 er definert som fedme.

Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer undervekt som Body Mass Index (BMI) mindre enn 18,5. Den blir rekna ut som vekta dividert med kvadratet av høgda (BMI=kg/m²).

Her er nokre råd for deg som ynskjer å gå opp i vekt:

  • Et regelmessige måltider som frukost, lunsj, middag og kveldsmat dagleg. Planlegg måltida og ikkje hopp over eit måltid. Du må gjerne ete nokre mindre mellommåltid i løpet av dagen
  • Auk feittinntaket noko, fortrinnsvis i form av einumetta eller fleirumetta feitt. Gode kjelder er olje, mjuk margarin, feit fisk, majones, majonespålegg, avokado, nøtter, mandlar og frø. Feitt aukar energiinnhaldet i maten utan at volumet aukar så mykje
  • Bruk mjuk margarin på brødet
  • Strø nøtter og frø på salaten, ha det i gryteretten. Bruk olje- eller majonesbasert dressing på salaten og grønsakene
  • Bruk avokado som pålegg og i salatar. Inkluder gode proteinkjelder som reinskåre kjøtt, kylling/kalkun og fisk av alle slag, egg og meieriprodukt i måltida
  • Drikk gjerne vatn mellom måltida, men ikkje så mye i samband med måltidet. Bruk heller juice eller mjølk til maten, det gjev ekstra kaloriar
  • Om dette ikkje hjelp, prøv å ete litt meir til kvart måltid og/eller et fleire mellommåltider
  • Tren regelmessig og gjerne styrketrening

Hugs elles at dei generelle kostråda for eit sunt kosthald gjeld også for deg som vil opp i vekt:

  • Et minst tre porsjonar grønsaker og to porsjonar frukt dagleg
  • Vel kokte eller bakte poteter framfor chips og pommes frites
  • Et grove korn- og brødvarer
  • Et meir fisk – både som pålegg og middag
  • Vel magre kjøtt- og meieriprodukt
  • Vel mjuk vegetabilsk margarin eller olje framfor hard margarin eller smør
  • Kutt ned på inntaket av sukker, særlig i form av brus og godteri
  • Vær varsam med salt
  • Vatn er den beste tørstedrikk

Det er viktig å hugse på at me er skapt forskjellig. For nokon er det naturlig å være tynn, utan at dei risikerer å bli sjuke av det.

Ansvarlig: Helsedirektoratet Kontakt: 81020050
Kapsler med kosttilskudd ligger i en haug.