Er det greitt å ete hermetikk som har vore frosen og tint?

Tre ulike hermetikkbokser

Foto: iStockphoto

Formålet med å ha mat emballert i ein fysisk tett og bestandig emballasje (hermetikk) er å hindre mikrobiell forureining og aktivitet produksjon og lagring. Varmebehandlinga som kvar enkelt boks blir utsett for under produksjonen, sikrar at det heller ikkje skjer noko inni boksen etter at han er send ut på marknaden.

Så vel kuldegrader som rustdanningar vil over tid kunne føre til at emballasjen blir degradert og det blir fare for lekkasjar, noko som gjer at innhaldet ikkje lenger er trygt å ete. Men det skal ganske mykje kulde til før innhaldet blir så utvida at det skaper ørsmå sprekker i boksen. Du vil tru sjå rustskadane først. Dei moderate kuldegradene som måtte komme innandørs i hytta i vinterhalvåret, vil neppe ha innverknad på innhaldet i boksen. Heller ikkje eventuell påfølgjande tining, så lenge boksen er tett.

Vi vil heller gi det rådet å sjekke bruksdatoen som er prega inn på boksen. Den er ført opp som "best før utgangen av ..." (månad og år) og er eit godt haldepunkt for om det er på tide å fornye proviantlageret. Når det gjeld frysing og opptining fleire gonger, bør du vere meir varsam med hermetisk ”kjøttmat” enn med boksar fylte med grønsaker, frukt og bær. Skulle det gå gale, er konsekvensane gjerne størst dersom ein bruker den typen hermetikk.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
Kakerlakk