Skyl frukt, bær og grønsaker før du et dei
Frukt og grønt, spesielt det som vi importerer frå utlandet, kan innehalde bakteriar, parasittar og virus som gir oppkast og diaré. Du bør difor alltid skylje frukt, bær, grønsaker, salat, spirer og krydderurter før du et dei.
Sjølv om frukta eller grønsakene ser reine og pene ut, kan det vere bakteriar, virus eller parasittar på dei. Ver særleg merksam på frukt eller grønsaker frå varmare land. Dei utgjer ein større risiko på grunn av klima, liten tilgang på reint vatningsvatn, bruk av naturgjødsel og mange små, uavhengige produsentar. Dårleg handhygiene hos dei som haustar frukt og grønsaker på plantasjane, kan også bidra til smitte.
I Noreg har vi hatt eit økande antal sykdomsutbrot årsaka av importerte grønsaker, mellom anna sukkerertar, salat av ymse slag, ferske urter og spirer (se Folkehelseinstituttet - Utbrudd under menyvalet Utbrudd a-å). I Sverige, Danmark og Finland har det vore fleire utbrot av omgangssjuke frå importerte fryste bringebær; men berre eitt slikt utbrudd er registrert her i landet.
Rådet er difor: Skyl alt av frukt, bær, grønsaker, salat, spirer og krydderurter før du et det rått.