Er det eit krav at butikkane skal ha reine handlekorger?

Eg opplever ofte at handlekorgene i matvareforretningar er skitne. Skal ikkje butikkane reingjere korgene – dei skal jo trass alt brukast til å leggje mat i?

Rød handlekurv av plast

Foto: Colourbox.com

Finn du skitne handlekorger eller -vogner, bør du ta det opp med butikksjefen eller andre tilsette der du handlar.

Alle som skal produsere, lage til eller selje matvarer, har ansvar for at det er trygt å ete matvarene. Hygieneforskrifta stiller spesifikke krav til lokale og utstyr. Vidare er det krav om mellom anna driftshygiene og avfallshandtering.

Sjølv om det ikkje står noko spesifikt om reingjering av handlekorger/handlevogner i forskrifta, ventar vi at verksemda har styring og kontroll med korleis dei ser ut. Det er nærliggjande å tru at reingjering av handlekorgene/handlevognene er med i vurderinga når verksemda går igjennom rutinane sine. I tillegg er det god forretningsskikk å vise forbrukarane at verksemda er oppteken av reinhald.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Smittestoffer