Åtvarar mot risdrikk og riskaker til barn

Undersøkingar dei siste åra har vist at det kan vere arsen i risdrikk. I tillegg har riskaker vist seg å kunne innehalde høge nivå. Spedbarn og småbarn et meir i forhold til kroppsvekta si enn vaksne. Derfor kan dei ha ei høgare eksponering for uorganisk arsen og dermed ein auka helserisiko, i fall  dei til dømes drikk risdrikk kvar dag eller et riskaker.

Riskaker

Foto: Colourbox.com

Om ris inneheld arsen, kan årsaka vere eit høgt innhald av arsen i grunnvatnet eller i jorda der risen vert dyrka.

Risdrikk

Det finst risdrikkar på marknaden for både store og små, men målgruppa her er barn under 6 år som av ulike årsaker får i seg mykje væske basert på ris. Det kan til dømes vere mjølkeallergikarar som har erstatta kumjølk med risdrikk. Dei bør ikkje erstatte all kumjølka med risdrikk, men oppfordras til å kontakta helsepersonell for å få råd om alternativ.

Riskaker

Eksponeringa av uorganisk arsen frå kosthaldet til småbarn og barn er høgare enn hos vaksne fordi barn et meir mat i høve til kroppsvekta si (EFSA, 2014). Riskaker er eit produkt som inneheld særleg høge verdiar , og ved å ete slike kan barn få i seg meira uorganisk arsen. Noko som kan gje ein auka helserisiko.

Dersom du har spørsmål om eit bestemt produkt, bør du ta direkte kontakt med produsenten. Det er produsentane som kjenner innhaldet i produkta, og det er dei som er ansvarlege for at det som kjem ut på marknaden, er heilt trygt.

Det er ikkje funne dei same høge verdiane i puffa ris som i riskaker.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
En kaffekopp