Åtvarar mot risdrikk til barn under tre år

Undersøkingar dei siste åra har vist at det kan vere arsen i risdrikk. Det er ikkje påvist livstruande mengder, men ein bør likevel vere forsiktig med å gi risdrikk til små barn.

Om ris inneheld arsen, kan årsaka vere eit høgt innhald av arsen i grunnvatnet der risen blir dyrka.

Det finst risdrikker på marknaden for både store og små, men målgruppa her er små barn som av ulike årsaker får i seg mykje væske basert på ris. Det kan til dømes vere mjølkeallergikarar som har erstatta kumjølk med risdrikk. Dei bør ikkje erstatte all kumjølka med rismjølk.

Dersom du har spørsmål om eit bestemt produkt, bør du ta direkte kontakt med produsenten. Det er produsentane som kjenner innhaldet i produkta, og det er dei som er ansvarlege for at det som kjem ut på marknaden, er heilt trygt.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040