Barn, gravide, ammende og kvinner i fruktbar alder bør ikkje ete måseegg

Mattilsynet tilrår folk å avgrense inntaket av måseegg på grunn av høgt innhald av miljøgiftene PCB og dioksin. For kvinner i fruktbar alder og barn vil Mattilsynet ikkje tilrå inntak av måseegg i det heile.

Bakgrunnen for tilrådinga er analysar gjorde av måseegg som blei samla inn langs kysten av Nord-Noreg under måseeggsesongen 2001. Analysane viste svært høge verdiar for PCB og dioksin, men også for bromerte flammehemmere og fleire andre mindre kjende miljøgifter. Slike stoff bryt ein svært langsamt ned, og derfor hopar stoffa seg opp i kroppen. Kva kosthold jenter og kvinner har gjennom heile livet, har betyding for nivået av slike stoff som forteret gjennom svangerskapet og barnet via morsmjølka blir utsett for. Av denne grunn bør jenter og kvinner få i seg minst mogelig dioksin og PCB. Årsaka til at måseegg inneheld dioksin og PCB, er at måsar et mykje fisk. Dioksin og dioksinliknande PCB finn vi i feit fisk, fiskelever og brunmat i krabbe.

Å ete eitt måseegg i året inneber å auke kroppsbelastninga av PCB og dioksin med 10 prosent. Inntak av 10 egg doblar det totale årsinntaket av PCB og dioksin. Spørjeundersøkingar langs kysten frå 1998 viste at enkelte måseeggelskarar sette til liv sin 30 til 40 måseegg i løpet av ein sesong.

Les mer om:
Dioksin og PCB
Folkehelseinstituttet - Dioksiner og dioksinlignende PCB

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Dioksiner og PCB