Er det skadeleg å ete laks med lakselus?

Nei, det er ikkje skadeleg å ete fisk som har eller har hatt lakselus. Lakselus er ein naturleg parasitt på laksefisk i saltvatn og finst i alle havområde på den nordlege halvkula. Lakselus er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks. Lusa er ei stor utfordring for oppdrettsnæringa, for omfanget av lakselus har auka betrakteleg i takt med veksten i oppdrettsnæringa. Dess meir oppdrettsfisk det er i sjøen, dess fleire ”vertar” er det for lusa å feste seg på. Dermed aukar smittepresset mot villaksen.

Men lakselus har altså ingenting å seie for mattryggleiken verken når det gjeld oppdrettslaks eller villaks.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Medisinrester