Bør ein skylje rypebryst i vatn for å fjerne blod og fjør?

Det blir alltid litt blod og fjør på bryststykka når ein gjer i stand rype. Bør ein skylje bryststykka i vatn like før steikinga, eller kan dette skade kjøttet?

Tre ryper

Foto: Mattilsynet

I prinsippet er det betre å fjerne forureining (fjør, blod og anna) ved å skjere det vekk. Vatn gjer det lettare å løyse opp blod og slikt, men ved å bruke vatn blir ureinska ofte spreidd meir utover kjøttet.

Dersom kjøttet blir skylt rett før maten skal behandlast med varme og etast, er dei nemnde ”ulempene” ved å bruke vatn mindre enn om maten blir lagra for eksempel i kjøleskap etter at kjøttet er vaska. Fukt gir nemleg glimrande vekstforhold for bakteriar, mens varmebehandling rett etter vaskinga drep dei bakteriane som er spreidde rundt med vatnet før dei får gjort skade på kjøttet.

Du kan altså skylje kjøttet i vatn dersom du skal varmebehandle det rett etterpå. Dersom kjøttet skal oppbevarast i kjøleskap, bør du ikkje skylje det i vatn først, men heller fjerne fjør og synlege forureiningar med ein skarp kniv.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00