Barn under 3 år bør ikkje ete for mykje rosiner

Små barn bør berre ete rosiner i mindre mengder. Eit høgt konstant forbruk kan føre til at dei får i seg muggsoppgifta okratoksin A (OTA). OTA fører ikkje til forgifting straks, men har uheldige langtidsverknader.

Rosiner

Foto: Mattilsynet

Avgrensa inntak

Folkehelseinstituttet gjorde ei vurdering hausten 2010 og fann at grenseverdien for 1–2-åringar svarte til ca. seks esker rosiner à 45 gram i veka.

Okratoksin A finst i små mengder i ei rekkje matvarer utan at det er farleg for helsa. Det er først ved eit høgt inntak over tid helseeffektar kan oppstå. Mattilsynet sitt overvakingsprogram for mykotoksin i næringsmiddel viser at innhaldet av okratoksin A i rosiner ligg godt under grenseverdien, men eit jamleg inntak i tillegg til eit høgt forbruk kan bidra til eit stort inntak av OTA hos små barn. Det er det det totale inntaket over ein lengre periode som bør avgrensast. Det har ikkje noko å seie om eit barn et mange rosiner éin dag og ingen neste dag.

Det er ikkje gjort særskilde undersøkingar når det gjeld OTA, i økologiske rosiner, difor skil vi ikkje mellom økologiske og ikkje-økologiske rosiner.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
En bananklase