Er det farleg å ete grøne potetar?

Hvit potet, med grønne og sorte flekker

I potetknollane er det ein del stoff som vi kallar glykoalkaloid – mest kjent er solanin. Det er desse stoffa som gir den typiske potetsmaken. I for store mengder er desse stoffa giftige. Dei gir hovudpine og kvalme. Store mengder kan skade nervesystemet.

Glykoalkaloida hopar seg som regel opp på dei same stadene som klorofyllet. Om grønfargen berre går litt inn i knollen, er det greitt å skjere bort det grøne og så ete resten av poteten. Dersom potetane har vore utsette for lys lenge, kan dei bli meir eller mindre grøne heilt igjennom. Slike potetar skal alltid kastast.

For høg konsentrasjon av solanin gir dessutan poteten ein beisk og bitter smak.

Potetar som har vore utsette for lys, er altså meir utsette for å bli grøne. Vel difor potetar i butikken som har blitt haldne unna lys.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040