Kor lenge kan bær frysast?

Blåbær

Nivåa av vitamin C kan gå ned og smaken bli noko forandra etter lang tid i frysaren.

Det er ikkje helseskadeleg å ete bær som har lege lenge i frysaren, men nivåa av vitamin C kan gå ned og smaken bli noko forandra etter lang tid i frysaren.

Spesielt jordbær kan få dårlegare smak og kvalitet fordi dei er meir utsette for muggvekst enn dei andre bæra.

Smaker bæra mugg, bør du kaste dei.