Når er epla mogne?

Farge, fastleik og stive er tre viktige faktorar som avgjer kor mogne epla er.

 Foto: Anette Tjomsland

Eplas smak og konsistens avheng ikkje berre av kva eplesort du et. Om frukta er knasande og syrleg, eller mjuk og søt heng saman med kor mogen den er.

Farge

Det er enklast å fastslå mogningsgraden på eit grønt eple, eller eit eple som har synleg grønfarge under raudfargen.

Det klaraste teiknet på mogning er at grønfargen endrar seg til gul. Eit heilt raudt eple er vanskelegare å vurdera kvaliteten på. Då må ein smake seg fram, eller dele eplet i to. Kjernane inne i eplehuset er kvite før eplet er moge. Men etter kvart som det vert meir moge så endrar dei farge til brunt. Mange vil likevel ete eple før dei har utvikla brune kjernar. Eplet er då meir syrleg og knasande.

Om du har eple i eigen hage kan du teste kor godt dei heng fast på treet. Viss du må bryta dei laus så er det eit teikn på at frukta ikkje er hausteklar endå. Eple som heng høgt i treet mognar gjerne først. Du bør difor hauste i fleire omgangar. 

Fastleik og stive

Eple vert mjukare og søtare dess meir moge det blir. Det har samanheng med kor mykje stive som er i frukta. Når stive vert omdanna til sukker, går eple frå syrleg til meir søtleg smak.

Dei som er i butikken er gjerne litt faste og kan godt mogne litt i romtemperatur heime for å få topp kvalitet, men dette er ein smakssak.

Eit ekstra kjøleskap kan gjere nytten om ein har større mengder frukt som skal lagrast i lengre tid. På hausten før det vert for kaldt kan epla og lagrast i garasjen med plastdekke. Anbefalt lagringstemperatur er ein til to grader. Temperaturen i kjøleskap svingar jo litt, så det må ikkje stillast for langt ned. Det bør ikkje krype under ein grad. Still gjerne inn på to til tre grader.

Stell av tre

Det er viktig at treet får godt stell. For mykje frukt på treet kan påverke smaken. Om det er for mykje frukt på treet så vert den bladproduserte karbohydratmengda for lita til å danne velutvikla fruktkvalitet. Då vert epla berre sure, underutvikla og smaklause. Tynning av kart er difor ein viktig del av oppskrifta på god fruktkvalitet.

Det er om å gjera å tynne tidlig, anten under bløminga eller på tidleg kartstadium, slik at ein får god fruktkvalitet og det er ressursar att i treet til danning av nye blomeknoppar for neste år.

Stell av fruktplantingar er et langsiktig arbeid, der god balanse mellom vekst og fruktmengde vil gje jamne, årvisse avlingar av god kvalitet.

 

Tekst og foto: Anette Tjomsland, NIBIO

Kjelder: NIBIO Aust Ullensvang ved seniorforskar Eivind Vangdal, laboratorieteknikkar Marianne Frimann Nilsen og førstekonsulent Oddmund Frøynes