Tid for å kutta rabarbra
Du kan eta rabarbra frå hagen i løpet av heile sommaren, om du kutter stilkane rundt St. Hans. Slik kan du unngå å få gamle og trevlerike stilkar med høgt innhald av oksalsyre.
Dei unge stilkane har minst oksalsyre. Vil du unngå å få gamle og trevlerike stilkar med høgt innhald av oksalsyre, kan du kutta ned stilkane for å få ny vekst. Planteforsk råder folk å gjere dette kring St. Hans, litt avhengig av kor du bor i landet. Etter tre-fire veker kjem det nye stilkar.
Innhaldsstoff
Rabarbra er fattig på karbohydrat, feitt og protein. At rabarbra har vore ein av dei første vekstene ein kan hausta om våren er truleg ein av årsakene til at den var populær i private hagar. Den var ein av dei første C-vitaminkjeldene om våren. Mineralinhaldet er høgt, særleg for kalium, kalsium og klor. Likeeins som til dømes hovudsalat, spinat og raubete kan rabarbrasaft innehalda mykje nitrat dersom den vert gjødsla kraftig med nitrogengjødsel. Men raude rabarbrastilkar inneheldt mindre konsentrasjonar av nitrat enn grøne stilkar av rabarbra. Nitritt vart ikkje funne i saft av rabarbra. Ved tillaging av rabarbrakompott vart det danna så små mengder nitritt at skadeleg verknad var utelukka.
I foredlinga vert det lagt vekt på farge på bladstilkane. Dette er ein eigenskap som er svært genetisk bestemt. Dei ulike fargestoffa vert lett påverka av lys sjølv om tilsetting av sukker i produkt som saft og syltetøy gjer fargestoffa meir stabile. Hjå nokre sortar sit raudfargen berre i skalet og det ferdige produktet får berre ein svak farge. Andre sotar har heilt gjennomfarga stilkar og gir ein kraftig raudfarge. Det er også skilnad på sortane når det gjeld fargestabilitet.
Trevlar eller rå-cellulose betyr ein del for kvaliteten på rabarbraen, og trevleinnhaldet skal helst vera lågt. Det er tydeleg auke i trevleinnhaldet med alderen på stilkane. Ved hausting i juni har forsøk vist at trevleinnhaldet i middel for fem sortar var 8.7 g pr kg friskvekt, medan prøvar tekne i juli hadde 11.0 gram.
Syre
Som i mange andre grønsaker er eplesyre og oksalsyre dei mest dominerande organiske syrene i rabarbra. I rabarbra er eplesyre den klart dominerande. Til saman utgjer eplesyre og oksalsyre 80 prosent av dei organiske syrene i stilkane.
Eplesyre vert vanleg nytta som tilsettingsstoff i mange matvarer som leskedrikk, syltetøy, godteri, salatar, is osv. Eplesyre er surheitsregulerande og vert også nytta som smakstilsetting. Ein hevdar at eplesyra er heilt avgjerande for smakskvaliteten hjå rabarbra, og skal liggja i eit område på 18-22 prosent av turrvekta for å vera idèell.
Rabarbra er av dei grønsaker som har mest oksalsyre saman med mangold, spinat, portulakk og raudbete. Letal dose er oppgitt til å vera 10 gram oksalsyre for vaksne og 3-4 gram for born. Viss oksalsyreinnhaldet er 0,5 gram pr 100 gram frisk vare, vil det svara til 4 og 1,5 kg rabarbra. Det skulle difor vera liten risiko for forgiftning. Sidan oksalsyre vert bunde til kalsium kan dette redusera innhaldet at kalsium i kroppen. Småborn og kvinner som ammar, og som treng mykje kalsium bør difor ikkje overdriva inntaket av rabarbra.
Oksalsyreinnhaldet varierar med ulike faktorar. Men viktigaste faktoren er genotype, og dermed valg av sort. Viktig er også alder på bladstilkane då innhaldet av oksalsyre aukar med alderen.
Opprinnelse
Av slekta Rheum L. fins det kring 50 artar viltveksande i Sentral-Asia, Kina, Sibir og Vest-Asia. I Kina har rabarbra vore dyrka i 5000 år, medan den er ein relativt ny kulturplante i Europa og Amerika. Den første sikre kjelda om rabarbradyrking i Norge er frå 1771. Rabarbraen vart då berre nytta til medisinsk bruk. Populær som ”spiserabarbra” vart den først etter at engelske sortar kom hit til landet siste halvdel av 1800 talet. Sidan vart ymse typar av rabarbra meir eller mindre spreidd over heile landet.
Rabarbra er ein fleirårig vekst som trivst best i områder med kjølige og fuktige somrar, og der det er vintrar med nokre cm tele i jorda. Rabarbra høyrer til Syrefamilien (Polygonaceae).
Sortar
Nordisk Genbank har internasjonalt forplikta seg til å halda ved like dei genetiske ressursane i rabarbra. Dei vil difor prøva å skaffa seg oversyn over omfang og kvalitet på dei nasjonale samlingane. Dyrkinga i dag skjer først og fremst med gamle sortar som ikkje er tilpassa rasjonell dyrking og nye forbrukarkrav. Det er ein negativ korrelasjon mellom oksalsyre og eplesyre, dermed har sortane med lågast oksalsyre mest eplesyre.