Korleis kan eg sjekke om mat inneheld palmeolje?

Potetgull med rifler

Foto: iStockphoto.com

Matvarer som er tilarbeidde kan innehalde palmeolje. Det kan for eksempel vere palmeolje i kjeks, kaker, potetgull og friterte produkt. Palmeolje inneheld langt meir metta feitt enn dei fleste andre vegetabilske oljar og nesten like mykje metta feitt som meierismør.

Det er ikkje så lett å få vite om matvara inneheld palmeolje. Produsentane kan sjølv velje om dei vil merkje  produkta med "palmeolje" eller “vegetabilsk olje” i ingredienslista. Begge delar er lovlege ut frå merkereglar som gjeld i både Noreg og EU.

Mattilsynet har inntrykk av at mange produsentar merkjer produkta med oljetypen, for eksempel maisolje, solsikkeolje, rapsolje, dersom dei bruker andre typar olje enn palmeolje. Om du ønskjer å unngå palmeolje i maten, bør du ta direkte kontakt med produsenten for spørje kva for oljetype som er brukt, dersom produktet er merkt med "vegetabilsk olje".

Kan nøkkelholprodukt innehalde palmeolje?
Ja, det kan dei. Det er ikkje forbod mot å bruke palmeolje i nøkkelholprodukta. Norske mat- og helsestyresmakter ser likevel på nøkkelholet som eit nyttig hjelpemiddel for forbrukarane, fordi det er restriksjonar på innhaldet av feitt og metta feitt. Det er også restriksjonar på transfeittsyrer i olje og/eller anna feitt som blir brukt som ingrediens i nøkkelholprodukt.

Sidan nøkkelholet set restriksjonar på metta feitt, vil nøkkelholprodukt ikkje innehalde store mengder palmeolje.

 

Feittsyrer i oljer og smør, mengda av totalt feittinnhold, %

 Metta %Metta 12-16:0 %12:0 %14:0 %16:0 %Einumetta %Fleirumetta %
Rapsolje740045930
Soyaolje151000102258
Olivenolje14110011729
Palmeolje49450,1144379
Smør644531031284

Kilde: Svensk matvaretabell

NB Mengda feittsyrer i smør, er som for dei andre produkta, berekna per 100 gram feitt.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040