Korleis ser eg at barnematprodukt er tilsette vitamin og/eller mineral?

Alle næringsmiddel skal vere merkte med ei ingrediensliste. Dersom produktet er tilsett vitamin og mineral, kan du lese dette ut av ingredienslista. Ingrediensane på ingredienslista står oppførte i fallande orden etter kor mykje produktet inneheld av dei enkelte ingrediensane.

Eksempel – ingrediensliste, maisgraut: maismjøl, maltodekstrin, rapsolje, mineral (di-kalsiumortofosfat, kalsiumkarbonat og jernfumarat), vitamin (tiaminhydroklorid), spor av tørrmjølk

Ingredienslista viser at produktet inneheld mest maismjøl og minst tørrmjølk. Vidare nedover i ingredienslista står det mineral og vitamin. Dette inneber at produktet er tilsett vitamin og mineral. Kva for vitamin og mineral som er tilsette, går også fram. I eksempelet over er vitamina og minerala førte opp med den kjemiske nemninga. Dette blir ofte gjort i ingredienslista (ei oversikt over dei kjemiske namna på vitamin finst nedst på sida).

Kor mykje som er tilsett av dei enkelte vitamina/minerala, går ikkje fram av ingredienslista. Når det gjeld barnemat, er det heller ikkje krav om deklarasjon (merking) av mengda tilsett vitamin/mineral, med unntak av dei vitamina/minerala det er påbod om eit visst minimumsinnhald av. Kor mykje vitamin og mineral det er i produkta, skal gå fram av næringsdeklarasjonen. Den blir ofte fram vist som ein tabell, som her:

Maisgrøt – næringsdeklarasjon

NæringsinnhaldEinhet100 gram pulver inneheldEin gj.snittsporsjon (v/4-6 mnds alder) av 15 gram pulver og 1 dl morsmelkerstatning gir
Energi   
Proteing8,52,5

Karbohydrater

(herav sukkerarter)

g

g

78

1,5

19,5

6,5

Fett

(herav mettet fett)

g

g

4,5

0,2

4,3

1,5

Kostfiberg3,00,5
tiamin (vit B12)mg0,60,2
Natriummg10,017
Kalsiummg580129
Jernmg112,5

Dersom vitamin eller mineral ikkje er førte opp i ingredienslista, men i næringsdeklarasjonen, er dette det naturlege innhaldet av det aktuelle vitaminet eller mineralet.

I næringsdeklarasjonen skal det totale innhaldet av vitamin og mineral førast opp, det vil seie summen av tilsette vitamin og mineral og mengda av dei vitamina og minerala som finst naturleg. Kor mykje som er tilsett, og kor mykje som finst naturleg, går ikkje fram av tabellen, og det er heller ingen andre stader på pakninga du får informasjon om dette.

Oversikt over vitaminers kjemiske namn

VitaminKjemisk namn
Vitamin ARetionol
Vitamin BErgocalciferol (vit. D2) og cholecalciferol (vit. D3)
Vitamin EAlfatokoferol
Vitamin KFytomenadion (K1), menaquinon (K2), menadion (K3)
Vitamin CAskorbinsyre
Vitamin B1Tiamin
Vitamin B2Riboflavin
Vitamin B6Pyridoxin
Vitamin B12Cyanocobalamin
Niacin (NE)Nikotinsyre
Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040