Allergimerking
Dei som er allergiske, bør alltid lese ingredienslista nøye. Det gjeld også næringsmiddel som ein plar handle ofte, for innhaldet i eit produkt kan bli endra.
Liste over ingrediensar
Visse ingrediensar som er kjende for å gi allergi og overfølsemdsreaksjonar, må alltid førast opp dersom dei førekjem i eit produkt. Lista med ingrediensar som utløyser spesielle merkekrav, gjeld i alle EU-land. Dersom eit produkt inneheld ein ingrediens frå denne lista, skal det tydeleg gå fram av merkinga.
Ingrediensar som skal framhevast
Desse ingrediensane skal alltid framhevast, etter Forskrift om merking mv av næringsmidler, vedlegg IV:
- Glutenhaldig korn (kveite, rug, bygg, havre, spelt, kamutkveite / egyptisk kveite eller hybridar av desse)
- Skaldyr og produkt framstilte av skaldyr
- Egg og produkt framstilte av egg
- Fisk og produkt framstilte av fisk
- Mjølk og produkt framstilte av mjølk (medrekna laktose)
- Peanøtter og produkt framstilte av peanøtter
- Nøtter (mandel, hasselnøtt, valnøtt, cashewnøtt, pekannøtt, paranøtt, pistasienøtt, macadamianøtt/australianøtt) og produkt framstilte av nøtter
- Soya og produkt framstilte av soya
- Selleri og produkt framstilte av selleri
- Sennep og produkt framstilte av sennep
- Sesamfrø og produkt framstilte av sesamfrø
- Svoveldioksid og sulfitt i konsentrasjonar på 10 mg/kg eller meir eller 10 mg/l, uttrykt som SO2.
- Lupin og produkt framstilte av lupin
- Blautdyr og produkt framstilte av blautdyr
Unntak frå lista
Ein del produkt som blir framstilte av allergene ingrediensar, er likevel unnatekne frå lista over. Unntaka er gitt fordi ingrediensane under prosesseringa, for eksempel destillering, har mista evna til å framkalle allergi
Les meir om allergi og merking på Matportalens temasider for Kort om allergikere