Beskytta nemningar

Merkjeordninga Beskytta nemningar er ei offentleg merkjeordning. Merket garanterer geografisk tilknyting og tradisjon. Gamalost frå Vik, Rakfisk frå Valdres og Eplejuice frå Hardanger er døme på matvarer som er med i ordninga.

De tre logoene til beskyttede betegnelser.

Foto: Matmerk

Merkjeordninga blei oppretta i 2002 av Landbruks- og matdepartementet etter mønster av den tilsvarande merkjeordninga i EU. Matmerk har ansvar for å informere og rettleie dei som søkjer merkjeordninga, og for å behandle søknadene. Mattilsynet står for den endelege godkjenninga av søknadene.

Formål

Målet med merkjeordninga er å bidra til eit større matmangfald og auke verdiskapinga ved å stimulere til regional og lokal matproduksjon. Merkjeordninga skal sikre at forbrukarane får påliteleg informasjon om kvar produkta kjem frå, og om tradisjon og særeigne kvalitetar ved produktet. Det er også eit mål å hindre at namn som har opparbeidd seg eit omdømme gjennom lang tid, blir misbrukte av andre.

Produkt

Matvarer med ei Beskytta nemning kan kjøpast i utvalde butikkar eller direkte frå produsent.

Det er tre former for vern:

BESKYTTA OPPHAVSNEMNING

Næringsmidlet må ha ei svært nær tilknyting til det geografiske området som namnet på produktet opplyser om.

BESKYTTA GEOGRAFISK NEMNING

Næringsmidlet må ha tilknyting til det geografiske området som namnet på produktet opplyser om, men kravet til tilknyting er ikkje så strengt som for verna opphavsnemning.

BESKYTTA NEMNING FOR TRADISJONELT SÆRPREG

Næringsmidlet må ha spesielle eigenskapar som skil det frå liknande produkt.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00