Er kjøtt som er merkt "storfekjøtt", alltid ku, kalv eller okse?
Er kjøtt som er merkt "storfekjøtt", alltid ku, kalv eller okse, eller kan for eksempel hest bli seld under dette namnet?
Hest er ikkje storfe og kjøtt frå hest kjem ikkje inn under definisjonen av storfekjøtt. Dersom eit produkt er merkt med at det inneheld ”storfekjøtt”, skal kjøttet stamme frå storfe (inkludert artane Bubalus bubalis og Bison bison).
Kjøttprodukta skal vere merkte slik at ein i størst mogleg grad kan sjå kva råvarer dei er framstilte av, og/eller kva produktgruppe dei høyrer til. Dei må ikkje ha namn som gjer at dei kan forvekslast med andre kjøttprodukt.
I produkt der det er kjøtt frå fleire sortar, kan det stå den totale kjøttmengda i produktet – for eksempel 60 prosent ”kjøtt”. Det vil seie at produsentane ikkje er pålagde å føre opp mengda av kvar kjøttsort (resepten). Men namnet på dei ulike kjøttsortane må likevel vere førte opp på ingredienslista.