Kva er krava til juice som er merkt med "ferskpressa"?

Appelsinjuice som helles i et glass.

Foto: iStockphoto

Regelverket (forskrift om fruktjuice og liknande produkt) gir ingen konkrete definisjonar av kva som kan kallast ”fersk” juice. I regelverket for merking er det likevel eit sentralt krav at merking ikkje skal vere villeiande. Merkereglane skal sikre forbrukarane retten til å vite kva dei blir tilbodne i butikken. Derfor vil juice som blir marknadsført som ”ferskpressa” eller ”fersk” – ut frå vanleg ordforståing – bli oppfatta som juice som er pressa frå ferske råvarer, utan at det har skjedd ytterlegare prosessar som for eksempel frysing eller pasteurisering (varmebehandling for å forlengje lagringstida).

Ei vurdering av merkinga omfattar alltid ei heilskapsvurdering av heile produktet. Som eit generelt eksempel kan vi seie at dersom eit produkt er merkt med ”ferskpressa” eller ”fersk”, og produktet for eksempel er framstilt av juice som har vore frosen og/eller pasteurisert, så skal produsenten opplyse om dette på ein like framtredande stad/måte som ordet ”ferskpressa” på emballasjen.

Sidan ordet ”ferskpressa” er det som sel, blir slike seljande uttrykk gitt ein iaugefallande plassering i merkinga, mens forklaringane av omgrepa ofte blir plasserte mindre sentralt og med mindre skrift. For å avgjere om informasjonen er villeiande eller ikkje, må det som nemnt alltid gjerast ei heilskapsvurdering av kvart enkelt produkt.

Eit godt tips til forbrukarar er: Sjekk merkinga på emballasjen og samanlikn ulike produkt for å sjå om innhaldet i produktet er slik du forventar.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Merking av mat

Logo Nøkkelhullet