Korleis skal maten oppbevarast?
Matvarer som er merkte med ”siste bruksdag”, skal alltid vere påførte oppbevaringsinformasjon/oppbevaringstilvising. Dette dreier seg om veldig følsame matvarer og det er viktig at dei blir oppbevarte ved riktig temperatur – både i butikken og heime.
Også matvarer som er merkte med ”best før”-dato, har oftast informasjon om oppbevaring. Dette gjeld for eksempel kjølevarer og frysevarer. Butikken har plikt til å oppbevare desse ved den temperaturen som er ført opp på pakken.
Djupfrosne varer skal merkjast med ordet ”djupfryst”. Dette gjeld likevel ikkje spiseis.