Kan butikkane selje mat som er gått ut på dato?

Det er to typar haldbarheitsdato, "best før" og "siste forbruksdag":

  • Matvarer som er merkte med "siste forbruksdag", er det ikkje lov å selje etter at datoen er gått ut. Å gi bort desse varene gratis er heller ikkje lov.
  • Matvarer merkte med "best før" eller "best før utgangen av" kan seljast også etter at datoen er passert.

”Siste forbruksdag”

Lett bedervelege matvarer er merkte med ”siste forbruksdag” og skal alltid ha opplysningar om oppbevaringsmåte på emballasjen. Datoen er oftast sett ut frå mikrobiologiske omsyn. Det vil seie at etter den datoen kan mikroorganismar i produktet gjere deg sjuk.

”Best før”

Matvarer som ikkje er lett bedervelege, skal merkjast med "best før" eller "best før utgangen av".

Haldbarheitsmerking av matvarer som ikkje er lett bedervelege, skal først og fremst opplyse om kor lenge vara held seg utan å tape kvalitet eller spesifikke eigenskapar som til dømes smak eller vitamininnhald.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Merking av mat

Logo Nøkkelhullet