Korleis skal samansette ingrediensar merkjast?

Kan ein produsent av for eksempel frukostblanding føre opp at frukostblandinga innehelder cornflakes, eller skal produsenten føre opp at frukostblandinga inneheld mais og sukker?

Deklarasjonen (ingredienslista) skal som hovudregel omfatte alle ingrediensane i næringsmiddelet. I dette tilfellet er ingrediensen cornflakes ein "samansett" ingrediens, fordi cornflakes også er samansett av to eller fleire ingrediensar.

Føresegnene i matinformasjonsforskrifta seier då at dersom den samansette ingrediensen (cornflakes) utgjer meir enn to prosent i den ferdige vara, skal også ingrediensane i denne førast opp.

Dersom innhaldet av cornflakes i frukostblandinga utgjer meir enn to prosent, skal dermed ingrediensane i cornflakes også førast opp i ingredienslista, og då rett etter oppføringa av "cornflakes".

I tillegg er det også krav om at visse ingrediensar alltid skal førast opp uavhengig av to prosent-regelen ovanfor. Dette er varer som spesielt kan gi allergiske reaksjonar eller liknande hos visse grupper (glutenhaldig korn, skaldyr, egg, mjølk, nøtter etc.).

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Merking av mat

Logo Nøkkelhullet