Kva er vara laga av?

Om ei matvare er samansett av fleire ingrediensar, må dei førast opp på pakninga. Ingredienslista skal innleiast med ei overskrift som inneheld ordet ingrediens.

Ingrediensane skal førast opp i fallande orden etter den vekta dei hadde ved produksjonen. Det vil seie at vara inneheld mest av det som står først på lista, og minst av det som står sist på ingredienslista.

Når ein spesiell ingrediens kan vere avgjerande for kvaliteten på produktet, er det ført opp kor mange prosent av denne ingrediensen det er i produktet, for eksempel kor mykje kjøtt det er i pølse. Det er også ført om mengda av ein ingrediens dersom han er framheva i merkinga. Om produktet heiter ”jordbæryoghurt” eller det er brukt bilete av jordbær på merkinga, er det ført opp kor mykje jordbær produktet inneheld.

Råvarer

Dei råvarene som blir brukte i produksjonen av matvara, skal førast opp med kjent namn (nemning) i ingredienslista.

For ein del ingrediensar er det likevel gruppenemninga som blir brukt, same kva opphav vara har. Det kan for eksempel stå "animalsk olje" i staden for å angi det bestemde animalske opphav.

Krydder eller krydderblandingar kan førast opp som ”krydder” dersom ingen krydder overstig to prosent av vekta på matvara. Eventuelle tilsetjingsstoff og alllergener skal likevel angis.

Tilsetjingsstoff

Tilsetjingsstoff blir brukte for å påverke lagringsevne, konsistens, smak eller farge i matvara. Slike tilsetjingsstoff skal vere førte opp i ingredienslista. Dei skal førast opp med klassenemninga som fortel kvifor ein har brukt dette tilsetjingsstoffet, for eksempel ”konserveringsmiddel” eller ”fargestoff”. Klassenemninga skal følgjast av anten namnet eller E-nummeret på tilsetjingsstoffet.

Matvarer som inneheld søtingsmiddel, skal merkjast med opplysninga ”Inneholder søtstoff (er)”. På matvarer som inneheld meir enn ti prosent polyoler (sorbitol, xylitol ofl.), skal det stå ”Overdrevet inntak kan ha avførende virkning”. Matvarer som inneheld søtingsmiddelet aspartam skal merkjast med ”Inneholder en kilde til fenylalanin”.

Aromastoff skal førast opp anten med eige namn, for eksempel etylvanillin, eller som aroma/aromastoff.

Samansette ingrediensar

I somme matvarer blir det brukt ingrediensar som i seg sjølv er framstilte av fleire komponentar, som margarin, bakefeitt, majones og andre. Desse kallar vi samansette ingrediensar. Ein del samansette ingrediensar er definerte i eigne forskrifter eller er alminnelege kjende, og desse kan førast opp med berre sitt eige namn i ingredienslista dersom matvara inneheld to prosent eller mindre av den samansette ingrediensen. Elles er det krav om at komponentane i samansette ingrediensar skal førast opp.

Allergi

I prinsippet skal alle ingrediensar i eit produkt gå fram av ingrediensmerkinga. Det er nokre få unntak, men desse omfattar ikkje 14 ingrediensar som er lista opp i matinformasjonsforskrifta. Les mer 14 kategorier allergene ingredienser som alltid skal merkes Dette er ingrediensar som mange er allergiske mot. Formålet er å sikre at alle ingrediensar eller stoff omfatta av regelverket som er til stades i det ferdige produktet, alltid skal merkjast. Dette er viktig for å sikre at forbrukarar som lir av allergi eller intoleranse, skal vere i stand til å identifisere ingrediensen dei ikkje toler. Alle desse ingrediensane skal indikerast med ei klar oppføring av ingrediensen eller kva han er framstilt av. Det er krav om at allergene ingrediensar skal framheves i ingredienslista for eksempel med fet eller kursiv skrift.

For matvarer som blir selde uemballerte, skal det også gis skrifteleg opplysingar om allergener.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
Logo Nøkkelhullet