Må eg bry meg om haldbarheitsdatoen på hermetikk?

Eg har høyrt at hermetikk eigentleg held seg i "all æve", og at ein ikkje treng bry seg om haldbarheitsdatoen. Er det sant?

Tre ulike hermetikkbokser

Foto: iStockphoto

Hermetikk er ei langtidshaldbar produktgruppe. Produktet er varmebehandla ved høg temperatur, over 130 ˚C, og under trykk, slik at alle bakteriar og slikt er drepne, og det er ein solid emballasje som vernar produktet mot ytre påverknad, slik at det ikkje blir forureina eller øydelagt.

På bakgrunn av dette er det ofte svært lang bruksfrist på hermetikk, og haldbarheitsdato er ført opp som "best før utgangen av ..." (månad og år). Dette inneber at det ikkje er forbode å omsetje produktet også etter at datoen har gått ut. Det er seljaren som har ansvar for at produktet held forventa kvalitet når vara blir omsett.

Du kan sikkert også oppbevare hermetikk lenge etter at produktet har gått over "best før utgangen av"-datoen, utan at produktet taper seg noko særleg. Det som ofte skjer, er at produktet får noko forandring i farge og slikt, men så lenge emballasjen er heil, tett og ser OK ut, kan produktet etast lenge etter at datoen har gått ut. Om hermetikkboksen bular eller har hòl, kan det vere eit teikn på bakterievekst, eller risiko for det. Hermetikk bør dessutan ikkje lagrast i boksen etter at han er opna. Bruk emballasje som er merkt med at han eignar seg for oppbevaring av mat.

Som oppsummering kan ein seie at "best før"-datoen på hermetikk er rettleiande ut frå det som kan oppfattast som normal "oppbevaringsperiode" for produktet.

Les mer om Haldbarheitsdato

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
Logo Nøkkelhullet