Skal såkalla butikkbakte bakarvarer merkjast med ingrediensliste?

Krav om merking omfattar i hovudsak ferdigpakka bakarvarer. Det vil seie at butikkbakte bakarvarer som er putta i brødposar eller liknande, skal merkjast med opplysningar om for eksempel ingrediensar.

Det er ikkje krav om å setje opp ingrediensliste på brød, rundstykke, bollar og liknande som blir tilbodne ikkje ferdigpakka. Men butikken som byr fram vara, har skriftleg opplysningsplikt om kva maten inneheld av ingrediensar som kan gi allergi eller intoleranse Dette kan gjerast ved at opplysningane vert gitt på eit skilt, på skjerm eller ein plakat. Kundane skal kunne lese informasjonen uten å måtte spørje beteninga.

Dersom vara ikkje er ferdigpakka, skal opplysningane stå i nærleiken av vara, slik at forbrukaren utan problem kan sjå kva for opplysningar som høyrer til det enkelte brødet eller bollane.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
Logo Nøkkelhullet