Skal såkalla butikkbakte bakarvarer merkjast med ingrediensliste?

Krav om merking omfattar berre emballerte bakarvarer. Det vil seie at butikkbakte bakarvarer som er putta i brødposar eller liknande, skal merkjast med opplysningar om for eksempel ingrediensar.

Det er ikkje krav om å setje opp ingrediensliste på brød, rundstykke, bollar og liknande som blir tilbodne uemballerte. Men butikken som byr fram vara, har opplysningsplikt om tilsetjingsstoff og strålebehandla krydder. Dette kan gjerast ved at personalet kan informere på førespurnad ved sal over disk. Dersom vara ligg uemballert ute, skal opplysningane stå i nærleiken av vara, slik at forbrukaren utan problem kan sjå kva for opplysningar som høyrer til det enkelte brødet eller bollane.

Er du allergikar, bør du vere varsam med bakarvarer som ikkje er merkte med ingrediensliste. Spør alltid personalet om kva varene inneheld.

Les meir om Merking av brød

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040