Slik skal merkinga forståast

Merkinga på ei matvare skal vere lett synleg og lett å forstå. Merkinga skal vere på norsk. I unntakstilfelle kan eit anna språk aksepterast, men berre om stavinga liknar den norske. Merking på dansk eller svensk kan aksepterast dersom orda er like, mens ord som ”jäst” (gjær) må omsetjast. Merkinga må ikkje skjulast av prislappar eller liknande.

Merking skal ikkje vere villeiande

Merking skal ikkje villeie kunden, til dømesom eigenskapar ved matvara, samansetjing, mengd, produksjonsdato eller opphav. Påstandar om at matvarer førebyggjer eller behandlar sjukdom, er ulovleg.

Namn på matvara

Nemninga er namnet på matvaren. Nemninga skal gje opplysningar om kva for ein varesort det er, og gje sakleg informasjon om produktet. Er namnet slik at det kan oppstå tvil om kva slags matvare dette er, skal det i tillegg til nemninga gjevast ei nærare skildring av matvarens egenart. Forbrukerne skal gjennom Nemninga, pluss eit eventuelt tillegg, få eit klårt inntrykk av kva slags matvare det er.

Namnet på matvara skal vise kva produktet faktisk inneheld, og kan normalt ikkje erstattast med eit varemerke eller eit fantasinamn. Ein del utanlandske namn har blitt så velkjende for norske forbrukarar at dei kan brukast som namn på matvarer. Det gjelder til dømes chutney, lasagne, hot dogs, chorizo, popcorn og baguette.

Namnet skal ikkje villeie

Namnet på ei matvare skal ikkje villeie forbrukaren om produktinnhaldet. Ei matvare som heiter sjampinjongsuppe må derfor både smake og innehalde sjampinjongar. Nøyaktig kor mykje sjampinjongar suppa må innehalde, er derimot ikkje regulert, men skal vere oppgitt i prosent på pakninga.

Namn og ingrediensliste

Namnet på ei matvare kan ikkje gi all nødvendig informasjon om produktet, men skal kompletterast blant anna med ei beskriving av vara, ingrediensliste og mengda av den dominerande ingrediensen eller kategorien av ingrediensar.

Verna varenamn

Somme namn er verna gjennom eigne forskrifter og kan berre brukast på varer som oppfyller spesielle reglar som gjeld for dei. Eksempel på varer med namnevern er mjølk, sjokolade, juice, syltetøy og kaffi.

Utfyllande opplysningar om behandling

Somme gonger kannemninga trenge utfyllande opplysningar om korleis matvara har vore behandla: Det må til dømes stå på knuste, hermetiske tomatar at dei er knuste, og på soppsuppa må det stå at ho er i pulverform.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Merking av mat

Logo Nøkkelhullet