Vekt og volum

Kor mykje er det i pakken?

Ei matvare skal merkjast med vekta/volumet som ho hadde ved produksjon. Vekta av emballasje, etikettar eller liknande skal ikkje reknast med inn i vekta til matvaren.

Matvarer i flytande form skal merkjast med volum, for eksempel 1 liter, 2 dl eller 100 ml. og andre matvarer med vekt, for eksempel 2,5 kg eller 150 g.

På produkt som er nedlagde i lake eller liknande, skal vekta på produktet førast opp så vel med som utan væske. For matvarer i saus eller gelé er det ikkje noko krav om dette, ettersom også væska blir rekna som ein  av matvara og ikkje som ein lake.

Ein del djupfrosne matvarer, for eksempel fiskefiletar og reker, blir vassglaserte (dusja med vatn og frosne) som vern mot blant anna harskning. Om ei djupfrosen vare er vassglasert, skal den oppført vekta vere utan glasering, altså utan is.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00

Mer hos oss

Merking av mat

Logo Nøkkelhullet