Alkohol kan forsterke matallergi

Alkohol kan gjere allergikarar mindre påpasselege med kva dei et, eller det kan vere slik at alkoholen forsterkar allergiske reaksjonar.

Vin og champagne.

Foto: iStockphoto

– Alkohol er ikkje heilt uproblematisk i høve til matallergi, seier Ellen Namork hos Folkehelseinstituttet.

Hun nemner fleire ulike samanhengar mellom sterk drikke og matallergi: For det første kan noen menneske reagere på alkohol i seg sjølv og få symptom som liknar dei ein får ved matallergi.

Allergen i drikke

– Noen hevdar at ein kan ha ein ekte allergi mot alkohol, men det er usikkert. Poenget er at enkelte får matallergi-symptom av sjølve alkoholen, og kanskje då mest når drikken har høgt alkoholinnhald. Det må understrekast at slik reaksjon synest å vere lite vanleg, påpeikar Namork.

Eit anna kjent problem er alkoholhaldig drikke kan innehelde allergiframkallande stoff, såkalla allergen. Øl inneheld allergen frå korn, og allergiske reaksjonar på øl er ikkje heilt uvanlege. Slike reaksjonar er svært godt dokumenterte med omsyn til kva delar av kornet (allergen i kornet) personar har reagert på.

– Særleg likørar kan ha mange tilsetningar av frukt, egg og anna som allergikarar kan reagere på. Ekte allergi mot vin er heller ingen raritet; drueallergi er ikkje heilt uvanleg, og drueallergikarar kan reagere på stoff frå druer i vinen, forklarer Namork.

Hun fortel at det er dokumentert at ein drueallergikar som reagerte på vin, likevel tålte grappa som er laga av destillerte druer. Generelt følgjer vanlegvis ikkje matallergena med ved destillasjon, slik at drikkar laga av destillert sprit er trygge med omsyn til matallergi dersom det ikkje er tilsett noko etter destilleringa som kan gje allergireaksjon.

Tar sjansar

Eit av dei største problema knytte til alkohol og allergi, er at alkohol gjer folk mindre påpasseleg med kva ein et.

– Allergikarar som veit dei har matallergi og veit kva dei bør unngå for ikkje å få reaksjon, vil med alkohol innabords lettare ta sjansar og ikkje undersøke kva maten inneheld, eller direkte ete noe dei ikkje tåler fordi dei tar sjansen på at det skal gå bra, seier Namork

Hun fortel også at det er ei vanleg oppfatning blant fagfolk at alkohol gjer at allergikarar reagerer på mindre mengder allergiframkallande stoff enn under normale omstende. Difor kan ein person med ein moderat matallergi plutseleg reagerer sterkt på ei lita mengde mat vedkommande elles ville ha tålt.

Ikkje skikkeleg dokumentert

– Dette er ut frå kunnskapen vi har om mekanismar i kroppen svært rimeleg, og det er ”god medisin” og ”rett lære” å seie at alkohol forsterkar matallergiske reaksjonar. Dersom ein prøver å finne dokumentasjon for dette i vitskapleg medisinsk litteratur, er det likevel lite å finne. Så det at alkohol forsterkar matallergiske reaksjonar er noko alle ekspertar meiner dei veit, og som truleg er rett, men som strengt teke ikkje er skikkeleg dokumentert vitskapeleg, forklarar Namork.

Det næraste ein kjem dokumentasjon, er ein rapport om ein kvinneleg murar i Tyskland, som fekk allergisjokk av matpakka si ved fleire høve. Ho trudde ho ikkje tålte brødet, men ved testing der ho fekk kveitemjøl skjult i anna mat, reagerte ho ikkje. Fordi ho var murar let legane henne springe ei trapp opp og ned med ei bør murstein og gav henne ei flaske øl før dei testa henne igjen. Då fekk ho ein sterk allergisk reaksjon på kveitemjøl.

– Problemet er at også hardt fysisk arbeid gjer at ein lettare får allergiske reaksjonar. Difor veit vi ikkje om det var alkoholen eller det fysiske strevet som gjorde utslaget i dette tilfellet. Men vi kan dra ei viktig slutning: Har ein matallergi og mistenkjer at ein har ete noe ein er allergisk mot, er kombinasjonen med eit par glas sterk drikke og dans etterpå nok ikkje det klokaste på julebordet, seier Namork.

Ansvarlig: Nasjonalt folkehelseinstitutt Kontakt: 21077000