Kan pinjekjerner gi allergi?

Pinjekjerner i en haug.

Foto: Mattilsynet

Pinjekjerner kan heilt klart gi allergi. Pinjekjerner er ikkje av  dei mest vanlege årsakene til allergi, men heller ikkje uvanleg lenger sør i Europa. I vårt nasjonale Matallergiregister er det registrert kun tre tilfelle av allergisk reaksjon mot pinje i løpet av 15 års drift. Reaksjonane kan variere, men er ofte kraftige  ("allergisjokk"), særleg hos personar som er allergiske mot pinjekjerner åleine.

Pinjeallergi er som oftast knytta til peanøttallergi og nøtteallergi, sjølv om pinje ikkje er ei nøtt, men frø. Personar som er allergiske mot nøtter, peanøtter eller frø, bør derfor også unngå pinjekjerner dersom dei ikkje ut frå erfaring veit at dei tåler det. Det er elles viktig å vere klar over at peanøtter (og cashewnøtter) av og til blir brukt som erstatning for pinjekjerner, mellom anna i pesto. Peanøttallergikarar bør derfor vere veldig forsiktige med å ete mat der det tradisjonelt blir brukt pinjekjerner. Pinjekjerner blir også brukt i frøblandingar til salatar og i müsliblandingar.

Nøtte- og peanøttallergi er ofte knytta til allergi mot bjørkepollen, men det er usikkert om det er ein direkte samanheng mellom bjørkepollenallergi og pinjeallergi.  Kryssreaksjon mellom burotallergi og pinje er derimot dokumentert.

Ansvarlig: Nasjonalt folkehelseinstitutt Kontakt: 21077000