Kan pinjekjerner og kaffi gi allergi?
Pinjekjerner kan heilt klart gi allergi. Pinjekjerner er ikkje mellom dei vanlegaste årsakene til allergi, men pinjeallergi er heller ikkje uvanleg. Reaksjonane kan noen ganger vere sterke ("allergisjokk"). Oftast vil dei vere mye lettare.
Ein kan vere allergisk berre mot pinjekjerner og ikkje mot noko anna. Likevel er ofte pinje-allergi knytta til nøtteallergi, sjøl om pinje ikkje er ei nøtt, men frø. Dei som er allergiske mot nøtter eller frø, og særleg dei som er allergiske mot fleire nøtter, bør derfor også unngå pinjekjerner dersom dei ikkje ut frå erfaring veit at dei tåler dei. Og folk med pinjeallergi vil ofte reagere på mandlar, nøtter og peanøtter. - Det er ellers viktig å vere klar over at peanøtter av og til blir brukt som ei billeg erstatning for pinjekjerner bl.a. i pesto, slik at peanøttallergikarar bør vere svært varsame med å ete mat der det tradisjonelt vert nytta pinjekjerner.
Nøtteallergi er ofte knytta til allergi mot bjørkepollen. Om det kan vere ein samanheng mellom bjørkepollenallergi og pinjeallergi direkte, er eg litt usikker på.
Kaffibønner er ganske sterkt allergiframkallande når dei er grøne, og yrkesastma mot grøne kaffebønner er eit ganske vanleg problem hos dei som arbeider i kaffeindustrien. Brente bønner synest vere ganske lite allergiframkallande, men det er rapportert at litt allergiframkallande evne kan vere att etter brenninga. Brent kaffi i heil eller malen form kan nok derfor - sannsynlegvis berre i sjeldne tilfelle – gi allergi. Allergi mot drikken kaffe er ukjent for meg, men kan nok ut frå det vi har sagt ovanfor iallfall teoretisk vere mogleg. Det er dessutan hevda at ein kan utvikle allergi mot koffein. Likevel vil nok ubehag på grunn av kaffe som aller oftast ha andre årsaker enn allergi.