Sennep kan vere eit viktig matallergen

Sennepsallergi kan vere årsak til alvorlege matallergireaksjonar. I Frankrike hevdar dei at sennep er mellom dei viktigaste årsakene til matallergi. Om sennep har vore oversett som årsak til matallergi i Noreg er førebels ukjend.

En pølse i lompe med ketsjup og sennep

Sennep er den av dei tolv matvarene som truleg er minst kjent som allergen her i landet, seier FHI. Foto: Mattilsynet

Om sennep

  • Sennepsplanten høyrer til krossblomfamilien (Cruciferae eller Brassicaceae).
  • Til mat nytter ein ofte ei blanding av frø frå to eller fleire artar av sennep, til dømes Sinapis alba (gul/kvit sennep), Brassica nigra (svart sennep) og Brassica juncea (orientalsk sennep).
  • Pulver av Sinapis alba er mest vanleg i Europa, medan orientalsk sennep (Brassica juncea) er vanlegast i USA og Japan.
  • Kor mykje sennep som vert brukt, avheng av lokale matskikkar. Franskmennene har nok det største forbruket i Europa. Det er stor skilnad mellom enkeltindivid med omsyn til bruken av sennep.
  • Sennep vert ofte nytta i «kremform» til kjøtmat, ikkje minst til gatekjøkkenmat.
  • Det er viktig i høve til matallergi at sennep ofte er til stades som skjult allergen i mat der ein ikkje utan vidare ville vente å finne han, til dømes i sausar og dressingar.
  • Både majones og ketchup kan vere tilsett sennep for å auke smaken.
  • Sennep vert dessutan brukt i tradisjonell medisin, mellom anna som appetittstimulerande middel, og som avføringsmiddel, slimløysande remedium og antiseptisk middel ved ulike lidingar i mage-tarm-kanalen og luftvegane og ved hudsjukdommar.

Europaparlamentet og Europarådet har kome med nye reglar for merking av ingrediensane i mat. Tolv matvarer som kan gje allergiske reaksjonar skal deklarerast særleg nøye.

- Sennep er den av dei tolv matvarene som truleg er minst kjent som allergen her i landet, seier Martinus Løvik i Folkehelseinstituttet, divisjon for miljømedisin.

Kor vanleg er sennepsallergi?

Geografisk sett kjem dei aller fleste rapportane om sennepsallergi frå delar av Frankrike og Spania, og det er nokre få forskarmiljø som står for ein stor del av rapportane. Det er derfor framleis noe usikkert kor viktig sennepsallergi er i andre område av Europa og i Noreg.

- Det er likevel naudsynt å vere merksam på sennep som mogleg årsak ved alvorlege allergiske reaksjonar på mat, og dessutan ved gjentekne episodar med mageproblem etter inntak av mat, meiner Løvik.

I «kjerneområda» i Frankrike kan det sjå ut som om sennepsallergi er mellom dei vanlegaste matallergiane, han svarar for om lag 1-7 prosent av matallergien.

Mellom dei om lag 350 rapportane som har kome inn til Nasjonalt meldesystem for alvorlege allergiske reaksjonar på mat sidan juli 2000, finst det ingen der sennep peikar seg ut som sannsynleg årsak.

- Dette betyr sjølvsagt likevel ikkje at sennep ikkje kan ha vore årsak til allergiske reaksjonar - årsaker ein ikkje mistenkjer, vert ofte ikkje oppdaga, seier Løvik.

Matallergiregisteret

- Det nasjonale matallergiregisteret vi har i Noreg, gjer at vi her i landet stiller sterkare enn dei fleste land når det gjeld å få oversikt over matallergiproblem som dette. Difor er det viktig at mistenkte tilfelle av sennepsallergi vert melde, oppfordrar Løvik.

Sennepsallergi

Sennepsallergi er eit problem ikkje berre hos vaksne, det er òg kjent hos barn.

Symptoma ved reaksjon på sennep går over heile skalaen frå anafylaktisk sjokk til subjektive symptom: Opphovning av tunge og lepper, ansiktsødem, larynxødem, problem med å puste og svelgje, astmasymptom, rhinokonjunktivitt, kvalme, urticaria og forverring av atopisk dermatitt. Nokre pasientar rapporterer symptom som ved pollen-matallergi-syndromet (oralt allergisyndrom).

Allergenisiteten til sennep vert ikkje nemneverdig redusert ved tillaging av maten.

Mykje tyder på at svært små mengder sennep er nok til å gje sterk allergireaksjon.

Ansvarlig: Nasjonalt folkehelseinstitutt Kontakt: 21077000