Kan born på seks månader ete pæremos? 

Du må gjerne begynne å gi finmosa pære til eit spedbarn frå 6 månaders alder. Det som er viktig ved introduksjon av nye matvarer er at du introduserer ei matvare om gongen og at du byrjar med å gi små smaksporsjonar.

Følg med på korleis barnet reagerer når du gir mat som det aldri har fått før. Det er lurt å gi dei første smaksprøvane med fast føde til ei tid på dagen når barnet er vakent, slik at du kan følge med på det etter måltidet. På denne måten kan du også følgje med på om pære verkar forstoppande på ditt barn. Det er i utgangspunktet ikkje noko grunn til å tru dette.

Du kan lesa meir om kostråd til spedbarn i heftet "Mat for spedbarn". Helsedirektoratet - Mat for spedbarn