Medisinrestar

Dyr og fisk som vi bruker til mat, kan ha vore behandla med medisinar mot sjukdom. Vi skal vere trygge på at det ikkje finst skadelege restar av medisin i maten.

Flere typer piller i en haug.

Foto: iStockphoto

I tillegg til å føre kontroll med reseptar på legemiddel til matproduserande dyr og fisk kontrollerer Mattilsynet dyr og oppdrettsfisk for medisinrestar gjennom eit overvakingsprogram der levande dyr og fisk, mjølk, honning, egg, kjøtt og fisk blir sjekka for medisinrestar. I overvakingsprogrammet leitar Mattilsynet etter både lovleg brukte veterinære legemiddel og ulovlege legemiddel, som til dømes veksthormon. For lovleg brukte veterinære legemiddel er det fastsett grenser for kor mykje restar det kan vere i maten for at det skal vere trygt å ete han. Desse grenseverdiane må ikkje overskridast. Legemiddel som det ikkje er lov å bruke, skal det ikkje vere mogleg å påvise.

Overvaking av medisinrestar blir gjord både i Noreg og EU. Denne overvakinga er også med på å førebyggje at antibiotikaresistens utviklar og spreier seg.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
Tre røde oljetønner merket med giftmerket.