Plantegifter

Plantegifter er ei lang rekkje kjemiske sambindingar som vert danna naturleg og lagrast i planter. Produksjon av gifter er ofte ein forsvarsmekanisme plantene har for å beskytte seg mot omgjevnadene.

Kidney beans

Kidneybønner kan ha et høyt nivå av lektiner. Foto: iStockphoto

Alkaloid

Poteter inneheld fleire typar av alkaloid. To av desse er viktige å kartleggje i forhold til toksisitet. Glykoalkaloidane (GA) solanin og chakonin finst i heile potetplanten. For høgt innhald av desse stoffa medfører at potetene smakar bittert og kan gi ein giftverknad. Innhaldet av glykoalkaloid i poteter aukar betydeleg når dei vert utsette for sollys og fysisk skade, men også når dei vert utsette for vanleg lampelys over nokre dagar. Det er derfor viktig at poteter vert oppbevarte mørkt i forretningane.

Lektinar

Dei er fleire typar tørka og hermetiserte bønner på den norske marknaden. Vi veit at det er eit høgt innhald av lektinar i kidney-bønner. Det er også lektinar i andre belgfrukter. Lektinar vert brotne ned ved varmebehandling. Belgfrukter som ikkje er tilstrekkeleg blautlagt og varmebehandla kan gi symptom som kvalme, oppkast, magesmerter og diaré få timar etter inntaket. For å unngå forgifting er det nødvendig å førbehandle belgfruktene riktig, det vil seie lang blautlegging og koketid. Trenden med mindre koking av grønsaker og auka bruk av eksotiske grønsaker er i så måte eit problem. Innhaldet av lektinar i rå poteter er også ein av grunnane til at vi koker poteter.

Fytoøstrogenar

Fytoøstrogenar har ein verknad som liknar det naturlege østrogenet. Enkelte fytoøstrogenar kan ha positive eigenskapar, som blant anna å motverke utvikling av kreft. Men det er også ein risiko for at østrogenverknader av fytoøstrogenar i enkelte matvarer kan ha ein uheldig verknad, spesielt hos småbarn.

Ansvarlig: Bioforsk Kontakt: 03246