Bromerte flammehemmarar

Bromerte flammehemmarar er ei gruppe miljøgifter som hopar seg opp (blir akkumulerte) i kroppen til fisk, dyr og menneske. Stoffa kan føre til skade på levra og nervesystemet, endre åtferd, setje ned evna til læring, påverke hormonbalansen og gi redusert fruktbarheit og fosterskadar. Dei høgaste nivåa av bromerte flammehemmarar i mat er funne i feit fisk.

To ørret på en stein ved vannet.

Det er fet fisk som bidrar mest til bromerte flammehemmere fra maten.Foto: Mattilsynet (Kai Myhre)

Bromerte flammehemmarar er industrielt produserte og blir brukte i elektronikk, isolasjonsmateriale og tekstilar for å gjere desse produkta mindre brennbare.

Nedbrytinga av stoffa går svært sakte. Stoffa er feittløyselege, og vi finn dei difor igjen i feittet i maten vi et.

Bromerte flammehemmarar finn vi særleg i feit fisk. Dei høgaste nivåa er funne i aure frå Mjøsa, der det har vore lokale utslepp. Men vind og havstraumar gjer at vi finn bromerte flammehemmarar i fisk og dyr også i område langt frå forureiningskjeldene.

Det er foreløpig ikkje fastsett grenseverdiar for bromerte flammehemmarar i matvarer.

Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar. Unngå fisk og skalldyr fra forurensede havner, fjorder og innsjøer
 

Kilder: VKM – Risikovurdering av PBDE og Folkehelseinstituttet - Bromerte flammehemmere

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00