Fluorerte sambindingar

Perfluoralkylerte stoff (PFAS) er ei fellesnemning for ei stor gruppe miljøgifter. Stoffa hopar seg opp (blir akkumulerte) i kroppen til fisk, dyr og menneske og kan skade levra og evna til reproduksjon. I mat er det perfluoroktansulfonat (PFOS) og deretter perfluoroktansyre (PFOA) som finst i størst mengder. Dei høgaste nivåa er funne i fiskelever.

Perfluoralkylerte stoff (PFAS) er mykje brukt i vatn-, feitt- og flekkavvisande impregneringsmiddel.

Mengda av PFOS og PFOA har berre blitt analysert i nokre få matvaregrupper, og dei fleste av analysane er gjorde av fisk. Så mykje som halvparten av det vi blir utsette for av PFOA, kan komme frå andre kjelder enn mat, og drikkevatn kan bidra med opptil 20 %.

Dei få analysane som er gjorde til no, tyder på at det er liten risiko for uheldige helseeffektar av at vi har fått i oss for mykje PFAS. Det er ikkje sett grenseverdiar for PFAS i mat.

Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar. Unngå fisk og skalldyr fra visse havner, fjorder og innsjøer

Kilder: Folkehelseinstituttet - Fluorerte forbindelser

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00