Kan ein bruke varmtvatn frå springen til matlaging?

Du kan bruke varmtvatn til matlaging dersom du veit at vasskvaliteten der du bur, er bra.

Vatn som kjem ut av krana skal ha kvalitet som drikkevatn. Normalt gjeld dette for kaldvatnet. Sidan vi vaskar hender og tek ein dusj, så må varmtvatnet også ha god kvalitet. Både varmtvatn og kaldvatn blir difor i praksis omfatta av same krav til kvalitet. Dersom varmtvatnet ditt har dårlegare kvalitet enn kaldvatnet, så skyldast det truleg ureiningar frå varmtvatn beredaren.

I område av landet der vasskvaliteten frå vassverket er variabel (for eksempel utan nødvendig vassbehandling, eller der vatn blir teke frå brønnar etc.), kan vatnet vere det vi kallar korrosivt. Korrosivt vatn kan medføre større utleking av metall frå røyr og tankar. Dersom vatnet i tillegg blir varma opp, kan utlekinga av metall auke endå meir, og problemet blir forsterka. Det er huseigar som er ansvarleg for at vatnet ikkje blir ureina av rør etc. i huset.

Eit godt "gammalt" råd er at ein bør la vatnet renne frå krana til det er friskt og kaldt. På den måten unngår ein å drikke, eller bruke vatn til matlaging som har vore i kontakt med koparrøyr og tankar i lengre tid.