Kan ein bruke varmtvatn frå krana til matlaging?

Du kan bruke varmtvatn til matlaging dersom du veit at vasskvaliteten der du bur, er bra.

Både varmtvatn og kaldvatn er drikkevatn og omfatta av same krav til kvalitet. I område av landet der vasskvaliteten frå vassverket er variabel (for eksempel i område utan vassbehandling, eller der vatn blir teke frå overflatebrønnar etc.), kan vatnet vere det vi kallar korrosivt. Korrosivt vatn kan medføre større utleking av metall frå røyr og tankar. Dersom vatnet i tillegg blir varma opp, kan utlekinga av metall auke endå meir, og problemet blir forsterka.

Eit godt "gammalt" råd er at om ein ikkje kjenner vasskvaliteten på staden, bør ein la vatnet renne frå krana til det er friskt og kaldt. På den måten unngår ein å drikke vatn som har vore i kontakt med koparrøyr og tankar i lengre tid.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 06040

Mer hos oss

Vann