Bør ein berre plukke blåskjel som sit fast på steinar?

Er det riktig som eit gammalt ordtak seier, at ein berre skal ete blåskjel som sit fast på steinar?

Blåskjell som er åpnet

Foto: iStockphoto

Blåskjelarvar lever dei fyrste dagane fritt i vassmassane. Når yngel blir ca. 0,3 mm set dei seg på fast underlag. Dette kalle påslag, botnslåing eller settling. Underlaget kan vere stein, grus, sand, mudder, tre, tauverk, plast etc. Etter at yngelen har festa seg kan dei framleis røre seg ved å feste byssusstrådane sine samtidig som dei slepp dei gamle. Blåskjelene vil f.eks. i hengekulturar henge seg fast i kvarandre med byssusstrådane sine. Skjelene kan feste seg på det meste og det eine er vel truleg ikkje betre enn det andre. Levande blåskjel kan som sagt liggje i sanden. For å sjekke om skjelt er levande ser ein på om skjelt er lukka eller at det lukkar seg ved banking på skjellet. (Det skal då sjølvsagd ikkje vere knust).

Norske dyrka blåskjel og andre typar skjel som blir kjøpte i butikk og blir kommersielt omsett er kontrollerte av Mattilsynet. Skjel som frambys gjennom ordinære salskanalar skal derfor vere tryggje å ete. Sankar ein skjel sjølv bør ein unngå stader der vatnet kan vere forureina med miljøgifter og bakteriar eller der skjelene kan innehalde algegifter. Mattilsynet tek kvar veke vatn- og skjelprøvar frå uttaksstader langs norskekysten og sjekkar sjøvatnet for potensielle giftproduserande Alger og skjelene for giftinnhald. Basert på analyseresultata blir kosthaldsråd gitt om det er tilrådeleg å ete sjølvplukka skjel.

Kosthaldsrådene er tilgjengeleg her på matportalen.no

Ein kan verken sjå, lukte eller smake om skjelene innhald algegifter. Giftstoffa blir ikkje øydelagde ved koking eller frysing.

Ansvarlig: Mattilsynet Kontakt: 22 40 00 00
Et åpent blåskjell