Kor lenge kan blåskjel liggje før dei blir dampa?

Blåskjel skal vere levande heilt fram til damping eller anna behandling.

Blåskjell som er åpnet

 Foto: iStockphoto

Haldbarheita er avhengig av korleis ein oppbevarer skjela. Levande skjel bør lagrast ved temperaturar mellom 0 og 10 ºC. Lengst haldbarheit oppnår vi ved å lagre dei ved lågaste temperatur. Lagring i kjøleskap gir kortare haldbarheit enn lagring på is. Erfaringar frå skjelnæringa viser at skjel kan oppbevarast i inntil ti dagar etter at dei er tekne opp frå sjøen, dersom dei blir oppbevarte riktig.

Før tillaginga må ein, uavhengig av kor lenge dei har vore lagra, alltid kontrollere om skjela er levande. Ein slik kontroll kan gjerast ved å gi skjela ein rask dusj med kaldt vatn frå springen. Skjel som ikkje lukkar seg, er døde. Er det mange døde skjel, kan det vere at dei er blitt for gamle. Døde skjel kan gi skjela rundt dårleg smak og lukt. Skjel som ikkje har opna seg under damping, skal heller ikkje etast.

Skjel bør serverast så ferske som mogleg. Da er dei best på smak.

Les også Slik oppbevarer du blåskjell

Kilde: Mattilsynet og NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning).